Skip to content
HeyJared

Tru og meining i gammal tid

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon.

Podcast · By Eldar Heide · Norwegian Nynorsk · Official site

Indexed episodes, last 90 days
6
Latest publication
Sep 24, 2026
Audience
Checking…
Earliest in this view
Jul 16, 2026

Latest episodes

  1. Episode · Sep 24, 2026

    124. Odysseen og gresk religion. Samtale med religionsvetar Christian Hervik Bull (opens the original)

    Episode notes

    Read excerpt

    Kva vil gudane oss? Vil dei oss vel? Er vi kasteballar og brikker i hendene deira? Er gudane gode? Eller er dei strenge, vrange, lunefulle, urimelege? Er dei på parti med oss? Bør vi leva som dei? Kva slag moralske krav stiller gudane? – til oss, og til seg sjølve? Kva slag handlingsrom gjev gudane oss? Er alt avgjort av lagnaden? Det var mange spørsmål, og til slutt: Kva svar får vi på dette i tekstane til Homer? – Odysseen og Illiaden? Det skal vi drøfte her i dag.

  2. Episode · Sep 10, 2026

    123. Stevtradisjonen i Setesdal. Samtale med tradisjonsberar Sigrid Kjetilsdotter Jore (opens the original)

    Episode notes

    Read excerpt

    Eit stev er ein einstrofa song som kommenterer noko. Det kan vera ein situasjon, ein person, noko som har skjedd. Det kan vera ros, visdom eller sjikane eller at du utleverer deg sjølv. I stevet kan du få sagt det som ikkje kan seiast elles. Sjangeren finst i heile landet, men står spesielt sterkt i Setesdal. Der har det ein viktig funksjon i både kvardag og fest i dag. Røtene til stevet finn vi i mellomalderen. Men kvifor har eit ord for refreng vorte namnet på denne sjangeren? Og kva har stev

  3. Episode · Aug 27, 2026

    122. Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Samtale med norrønfilolog Mikael Males (opens the original)

    Episode notes

    Read excerpt

    Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Om det er det faktisk formulert slåande lite – bortsett frå når det gjeld tekstkritikken, som prøver å koma fram til den eldste versjonen av ein tekst som er overlevert i fleire handskrifter. Her skal ein poesiforskar fortelja om si vandring gjennom ulike metodesyn i faget norrøn filologi frå rundt 2000 til i dag. Eg skal supplere frå min kamp for å utvikle eit metodesyn. Innspela i Oslo 20.4.2026.

  4. Episode · Aug 13, 2026

    121. Tanke, terminologi og stadnamn i eit nordnorsk fiskarsamfunn. Samtale med filolog og folkeminnesamlar Finn Myrvang (opens the original)

    Episode notes

    Read excerpt

    Gammal terminologi og stadnamn er lite utnytta kjelder til tankegang i gammal tid. Her skal vi presentere eit utval ord, uttrykk og stadnamn knytte til sjøen på Andøya, på grensa mellom Nordland og Troms – for å gje eit innblikk i den førmoderne fiskarkulturen der i området. Det blir om straum og vind, landformer langs kysten og nede på havbotnen, ispedd hermer og gode historier. Dette er kulturstoff som er i ferd med å gå tapt.

  5. Episode · Jul 30, 2026

    120. Irsk mytologi. Samtale med keltolog Nicolai Egjar Engesland (opens the original)

    Episode notes

    Read excerpt

    Irsk mytologi fortel om huldreland vest i havet, slag mellom gudar og demonar, gudinnetrioar, hamskifte, manipulasjon av tida, halshogging, kjelar som gjev nytt liv og evig middagsmat, og druidar som er deklasserte frå det Cæsar fortel om. Men alt er smelta saman med bibelhistorie og annan kristen litteratur, til pseudohistorie. Arkeologien hjelper oss, med ofringar i brunnar, elvar og vatn. Innspela i Bergen og Halden 22.6.2026.

Publishing over time

Last 90 days. Choose a month to open its work.

Recurring subjects

Named in the text we hold. One piece can cover several.

Not enough subject data for this period yet.

Audience

No verified audience measurement yet.

About this data

Counts cover the work we have indexed. Tone needs enough text and a confident classification. Excerpts and episode notes are not full articles or transcripts.

Identity or attribution wrong? Suggest a correction.

See coverage about Tru og meining i gammal tid